Biografi

Hilde Selvikvåg er frå byen Bryne som ligg i det åpne og værharde kystlandskapet på Jæren i Rogaland. I 2015 gav ho ut sitt solide debutalbum «Slepp meg fri», som blei nominert til Spellemannsprisen. 2016 blei for alvor Hilde sitt gjennombruddsår. Med hitlåtane «Karusell» og «Indie» klatra ho opp på A-lista til NRK P1, ei bragd ho fører vidare i 2017 med listing på NRK P1 av singlane «Janei» og «Anemone». Med dette har ho blitt ein av dei mest spelte norskspråklige artistane i landet.

Tekstane hennar kombinerer det poetiske og nære, men også det lekne og fantasifulle, utan frykt for å berøre tema som sorg, samtid eller kjærleik. På scena balanserer Selvikvåg på meisterleg vis mellom det drøymande og det slagkraftige, det elektroniske og organiske. Med ei naturlig sjarm og innlevelse serverer ho ærlige tekstar og deilige melodiar innpakka i smakfulle arrangement både aleine og saman med band.

1 Comment

  1. Google Chrome 55.0.2883.87 Google Chrome 55.0.2883.87 Windows 10 x64 Edition Windows 10 x64 Edition
    Mozilla/5.0 (Windows NT 10.0; WOW64) AppleWebKit/537.36 (KHTML, like Gecko) Chrome/55.0.2883.87 Safari/537.36

    Hun er helt Utrolig. min drøm er å synge med henne…

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *